24. februar 2017

Boktips frå Tuva i 2. klasse

Bokomtale



Tittel
Rampete Robin blir rik

Forfattar
Francesca Simon

Hovudperson
Rampete Robin

Boka handlar om
Den har 6 kapittel. Rampete Robin vil ha penger, men han har ingen. Han vil ha ein butikk. Han vil selje lillebroren sin.

Eg tykkjer at boka er
Den er bra.



Boktips frå Noa i 2. klasse

Bokomtale



Tittel
Den vesle blå haien

Forfattar
Øyvind Vågnes og Akin Duzakin

Boka handlar om
Den blå haien likar ikkje fisk. Han møter den grå haien som hadde spist piggfisk og måtte hjelpe han.

Eg tykkjer boka er
Den var litt kjedeleg, men den var også morosam.

Boktips frå Jonas i 2. klasse

Bokomtale



Tittel
Tissemus

Forfattar
Reidar Kjelsen

Hovuperson
Tissemus

Boka handlar om
Tissemus likar å tisse overalt.

Eg tykkjer at boka er
Superbra


Boktips frå Heming i 2. klasse

Bokomtale



Tittel
Hva er nedi der?

Forfattar
Max Estes

Hovudperson
Tre barn

Boka handlar om
Eit hull. Dei lurar på kva som er nedi der.

Eg tykkjer boka er
Bra og artig


Bokomtale frå Esten i 2. klasse

Bokomtale


Tittel
Lykke

Forfattar
Anna Fiske

Hovudperson
Faktabok

Boka handlar om
Å vere glad. Boka er ei faktabok. Handlar om humøret til menneske.

Eg tykkjer boka er
Ikkje bra fordi det var dårlege teikningar.


Boktips frå Aurora i 2. klasse

Bokomtale

Tittel
Julia og Nissen

Forfattar
Janne Johnsen

Hovudperson
Julia

Boka handlar om
Julia treffer ein nissegut. Han er lei seg fordi pappa alltid jobber heile tida i jula.

Eg tykkjer boka er
Fin. Fordi han fikk vere hjå Julia i jula.



Boktips frå Oliver i 2. klasse

Bokomtale

Tittel
Ku utan hode

Forfattar
Reidar Kjelsen

Hovudperson
Ei ku

Boka handlar om
Ku utan hovud. Kua kan ikkje sjå og ikkje lukte.

Eg tykkjer boka er
Rar og artig.


30. september 2016

Lammet som ikke kunne si Æ

av Anna Aanderaa Løymen
Forfattaren har også illustrert boka

Boka handlar om lammet «Bæ» som blir mobba fordi han ikkje får til å si «æ». Dei andre dyra på gården bestemmer seg for å prøve å hjelpe han, og både dei og Bæ lærer mange ting i prosessen.
Dette er ein morsom og fantasifull leik med ord, lydar og bokstavar for alle i lære- og lesealderen.

Der er et lam som sier bo.
Skal ikke lam si bæ, mon tro?
Pekt på og ledd av, et merkelig dyr
Bæ er fortvilet, og du for et styr.
Da legges en plan for å hjelpe Bæ.
Tror du han vil greie å lære seg Æ?


Boka passar godt i samband med språklæring, den tek for seg alle vokalene. I tillegg er den ein god arena for å snakke om viktige temaer som verdi, sjøltillit, mestring, mobbing og det å oppleve å skilje seg ut.

På side 10 og 11 slår forfattaren eit slag for kua:

Jeg vet, sier Kua med rosa tunge.
Melk hjelper alltid, det merket min unge.
Han fikk sitt mø inn med melka mi
og snakker så fint, det må jeg si
- en talefør fyr.



13. mars 2016

Hønemor og dei tolv små kjuklingane

Eit spennande eventyr
av Aslaug Høydal

Hønemor skal ut på blåbærtur.



Jordbær på deling


Stolt Hønemor og glade born
Dette er ei fin og spennande historie om Hønemor og dei tolv søte små borna hennar. Dei bur i eit hus langt inne i skogen. Hønemor er så glad i borna sine og ho brukar mykje tid på å finne mat til dei. Kjuklingane likar godt jordbær og korn – og dei elskar blåbær. Dei er ein glad, livat og uroleg gjeng. Dei leikar gøymsel og kosar seg dagen lang. Det beste dei veit er når Hønemor fortel eventyr.

Kjuklingane har fine namn. Dei heiter Toppen, Tuppen, Tippen, Tappen, Nippen, Nappen, Rippen, Rappen, Ditten, Datten, Tutten og Titten.


Blåbærturen
Ein dag får kjuklingane lyst på favorittmaten sin - blåbær.


-         Kjære mor, hent blåbær til oss! seier kjuklingane i kor.


Hønemor vil ut å finne blåbær, men da må kjuklingane love at dei skal vere inne heile dagen. Det har seg nemleg slik at Reve-Mikkel bur like ved – og han er veldig farleg.


Kjuklingane blir lei av å vente på at hønemor skal kome heim frå blåbærturen. Dei blir einige om å gå ut i skogen for å finne blåbær sjølve. Toppen har lova mor å passe på syskena sine, han prøver fortvilt å minne dei på lovnaden til mor, men ingen vil høyre på kva han seier.

Når dei etter kvart finn ei stor blåbærtuve, blir dei så glade at dei ikkje legg merke til reven som ligg og spionerer på dei.

Den farlege reven
Reve-Mikkel skal gifte seg om tre dagar med den vakre reveprinsessa. No er han på jakt etter mat til bryllaupet. Kjuklingsteik er det beste revefolket veit...

Bums! Plutseleg står reven midt i blåbærtuva. Kjuklingane blir så redde at dei ikkje klarer å røre seg.

No blir historia verkeleg spennande. Korleis går det vidare med kjuklingane?

Du må nok lese boka for å finne det ut


Den farlege Reve-Mikkel.
Men - kva har han oppi sekken?


Slik ser boka ut
Det er Solveig Muren Sanden som har laga dei fine teikningane i boka.


Aslaug Høydal for barn

Aslaug Høydal 100 år

Aslaug Høydal var både forfattar og lærar. Ho budde 36 år i Skjåk, men ho er fødd og oppvaksen i Seljord. I Skjåk skal vi markere 100-års jubileet med fleire arrangement. Det blir m.a. ei teaterframsyning for barn på biblioteket. Skjåk kulturskule skal framføre "Hønemor og dei tolv små kjuklingane" 27. april kl 18. Da håpar vi å sjå deg der. Laurdag 4. juni kl 12 skal vi ha eventyrstund med Mari Brenna.

Litt om Aslaug Høydal:
  • I 2016 er det 100 år sidan ho vart fødd.
  • Ho er fødd og oppvaksen i Seljord.
  • Ho fekk jobb som lærar ved Nordberg skule i Skjåk i 1971, ho budde 36 år i Skjåk.
  • Ho var glad i å skrive og ho gav ut meir enn 50 bøker.
  • Ho skreiv fleire barnebøker. Du har kanskje høyrt om "Hønemor og dei tolv små kjuklingane" "Gaupus" og "Med Magnus på ferd i verdsrommet"?
  • Ho hadde stor medkjensle for dei svake i samfunnet. Fleire av bøkene hennar har dette som tema.
  • Ho var glad i å gå på ski.
  • Ho var veldig glad i dyr. I eit par av bøkene hennar kan vi lese på fyrste side: «Honoraret for denne boki, det som fell på meg, skal vera gåve til «Dyrenes hus» i Oslo».
  • Ho var flink med handarbeid. Ho likte å veve, sy og strikke.
  • Ho likte godt å farge garn med plantefargar.
  • Ho var veldig glad i barn, og ho var flink til å få barn til å fantasere, dramatisere og skrive historier.
  • Du kan lese meir på nettsida: aslaughoydal.wordpress.com.
Vi har alle bøkene hennar på biblioteket. Kom og lån da vel :)






18. februar 2016

Kugalskap

Miles og Niles, bok 1 
Forfattarar: Jory John og Mac Barnett
Illustratør: Kevin Cornell

Miles Murphy har akkurat flytta til Slumredal -  heilt ufrivillig
På den førre skulen var Miles kjent for ein einaste ting, han var den største pøbelen av alle. Ryktet har han fått etter hardt arbeid og ikkje minst geniale (pøbel)planar. Så når han no har flytta til Slumredal (også kjent for ein einaste ting: kyr), reknar han med å vere den beste pøbelen på den nye skulen sin også. Men det er eit problem: Det finst allereie ein pøbel på skulen.

Fyrste skuledag på Slumredal språk- og realfagskule
Rektor Barkin i kjend stil
Miles er  mektig imponert over at nokon har flytta rektor Barkin sin bil midt på trappa slik at den stengjer for all ferdsel inn til skulen. Rektor Barkin blir sint og han sverjer at han skal finne den skyldige. Rektoren skjønar ikkje korleis elevane skal komme seg inn på skulen no? Det endar med at alle elevane må krabbe inn gjennom bilen hans slik at dei når fram til inngangsdøra. Det er først etter at alle elevane har krabba seg inn på skulen, at  nokon spør: «Kvifor kunne vi ikkje berre bruke døra på baksida av skulen?» Rektoren blir skamfull og sintare enn nokon gong.

Miles tykkjer dette var ein fabelaktig pøbelstrek.  At han ikkje fann på det sjølv! Han skjønar no at det er fleire som kan pøble.  Og han er god – skikkeleg god!




I 1836, etter stemmeseddelslurv, fekk Slumredal ei ku som borgarmeister.
Det står ein statue av kua på torget den dag i dag.




20. november 2015

Besøk av 1. og 2. klassingar


Fin gjeng 
Tusen takk for besøket 1. og 2. klasse i Marlo. Det var så triveleg at de kom på biblioteket!
Håpar de likar resten av boka som vi starta på, "Trollkatta" av Ingvar Moe.



16. november 2015

Glemmestedet

av Knut Nærum og Bjørn Ousland

Greger og Koseklovnen er med oldemor på biblioteket. Da dei skal gå heim er klovnen plutseleg borte. Bibliotekaren sender Greger til hittegodsavdelinga i kjellaren. I gløymeboka står alle dei gløymde tinga, men Greger kan ikkje finne klovnen der. Han må sjølv gå til Glemmestedet og leite. Her møter han store og endelause hyller med ting og tang som folk har gløymt, men det finst også noko anna der nede...

Plutseleg kjenner Greger eit kaldt gufs...

Dette er ei forteljing om det kjæraste du eig og kor viktig det er å aldri gløyme eller bli gløymt. Her har du ei vakker og spennande biletbok for førskulebarn og småskuletrinnet. Boka eignar seg både til å lese sjølv og til høgtlesing. Det er Knut Nærum som har skrive teksta og det er Bjørn Ouslad som har laga dei fine teikningane.


12. oktober 2015

Invitasjon

Til alle som var med på lesekonkurransen i sommar




29. september 2015

Besøk av 1. klassingar

Fredag hadde vi besøk av 1. klassingane ved Nordberg skule. Dette var jammen ein triveleg gjeng. Alle fekk lånekort og alle lånte seg ei bok eller to. 

Dagens kommentar frå ein av gutane:
"Når eg blir stor - da vil eg jobbe her på biblioteket!"

Vi gler oss til de kjem attende på besøk - da skal vi lese saman!